personvernerklæring

 

1. Om ViteMeir

Eigar av denne nettsida er: ViteMeir, Skarpeteigvegen 1, 6854 Kaupanger
Epost: mj@vitemeir.no Vårt org. nr er: NO 920 643 515  

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
Vi samlar inn opplysningar som namn, adresse, e-post, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å følge opp våre forpliktelser etter avtale med deg. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi ser det nødvendig. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Vi vil ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Vårt register
I vårt register lagrar vi normalt namn, adresse, epostadresse og telefonnummer. Dette er informasjon vi treng for å kunne oppfylle vår avtale med deg, administrere avtalte forpliktelser, levere og fakturere tenester korrekt. Informasjonen blir lagra internt hjå oss så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt register, sjå kapittel om innsyn, retting og sletting av personinformasjon under. 

5. Informasjonskapslar
Vitemeir.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace/Google Analytics

Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

7. Nyheitsbrev
Ved å melde deg på ViteMeir sitt nyheitsbrev, samtykker du til at vi lagrar ditt namn og di e-postadresse. Dette brukar vi til å sende ut relevant informasjon om nyheitar. Vi nyttar Squarespace sitt eget system for nyheitsbrev for å handtere utsendingar av e-postar. ViteMeir forpliktar seg til å ikkje dele informasjonen din med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil du eventuelt melder deg av nyheitsbrevet. Alle våre utsendingar har funksjonalitet for at du kan melde deg av med eit klikk.  

8. Informasjon i samband med kommunikasjon med oss
Vi lagrar opplysningar gitt via din kommunikasjon med oss. Dette er t.d. e-postar du sender oss og problem du rapporterar inn. Vi lagrar denne informasjonen for å gje deg best muleg service når du kontakter oss ved at vi kjenner historikken av vårt forhold.

9. Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre service. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.

10. Deling
Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

11. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å henvende seg til ViteMeir på e-post: mj@vitemeir.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.  

12.Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i ViteMeir er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

Har du spørsmål, ta kontakt på mj@vitemeir.no.