utstillingar

 
 
 

Berekraftig utvikling

ViteMeir vil ha kompetanse i interaktiv formidling og vere ein ressurs innanfor barnehage-, lærar og ei teknisk-naturvitskapeleg utdanningane. Den overordna faglege profilen er «berekraftig utvikling», der den miljømessige dimensjonen vil vere ekstra viktig.  

Under den overordna profilen er det definert 5 faglege satsingsfelt, identifisert gjennom REINT. Dette gir ei retning som underbygger den overordna profilen.

REINT står for:  

Ressursar. Handlar om berekraftig bruk av ressursar: hauste, produsera, foredla, lagre, bruka og gjenbruka.

Energi. Handlar både om elementa sin energi: sol, vatn, vind, bølger, biomasse; og kroppens energi: fysisk aktivitet, helse, ernæring og læring.

Idémyldring. Handlar om ViteMeir som arena for å utveksle idear og skape ein idédugnad for eit berekraftig samfunn. Idémyldring er såleis eit berande prinsipp for ViteMeir.

Natur. Handlar om den reisa ein kan gjere frå fjord til fjell, og frå havkyst til innland som er ei reise i geologi, biologi. Dessutan om grunnleggande naturvitskap om alt som er rundt oss.

Teknologi. Handlar om alt vi menneske gjer for å takle verda rundt oss, og sentralt står aktivitetar som å digitalisere, konstruere, kalkulere, kommunisere, programmer og robotisere.

Den tematiske profilen vil prege installasjonar og aktivitetar ved senteret, som får eit totalareal på 2000 m2, inkludert 1200 m2 utstillingsareal.