Tilbake til alle arrangementer

Ungdomskveld i SmakeMeir

I oppdrag frå ungdomsavdelinga i Sogndal Kommune har ViteMeir etablert ein midlertidig sosial møteplass for ungdom. Målgruppa er frå 7. klasse til andre året på vgs.

Dette er eit lågterskel tilbod, der me held ope for ungdommane ein kveld i veka. Her kan ein spele brettspel, shuffleboard og kjøpe seg litt mat/snacks. Ungdommane sjølve/styret i ungdomsklubben tek ansvar for aktivitetar/innhald, til dømes quiz, shuffleboard-turnering o.l. Programmet vil med andre ord vera variert.

Det kjem også til å vera gratis pizza eller lignande fleire kvelder, takka vera fleire bedrifter i lokalområdet! Dette blir annonsert på Instagram dagen før.

Tidligere arrangement: 6. mars
Eksperimentonsdag
Senere arrangement: 9. mars
Tekstiltrykk