Stolar i et auditorium

Lærarkurs

ViteMeir utviklar ulike kurs som gir kompetanseutvikling for lærarar i skule eller barnehage. Kursa inneheld konkrete metodar og verktøy dei kan bruke i jobbkvardagen sin.

 

Oversikt over kurs me tilbyr:

  • Naturfag in Action - lærarkurs for ungdomstrinn og vgs

ViteMeir inviterer til eit gratis og praktisk retta kurs for lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule: Naturfag in Action!

Kurset set søkjelys på utforskande arbeidsmetodar i naturfag, og korleis du kan engasjere elevane med praktiske forsøk og ekte elevmedverknad.

Me har fått støtte frå Tekna til å utvikle og halde kurs både for ungdomstrinnet og vidaregåande skule i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

  • Torsdag 6. november kl. 08-11, i Førde - lærarar i vidaregåande skule

  • Torsdag 6. november kl. 12-15, i Førde - lærarar i ungdomsskulen

  • Fredag 7. november kl. 08-11, i Stryn - lærarar i vidaregåande skule

  • Fredag 7. november kl. 12-15, i Stryn - lærarar i ungdomsskulen

  • Fredag 14. november kl. 08-11, på ViteMeir - lærarar i vidaregåande skule

  • Fredag 14. november kl.12-15, på ViteMeir - lærarar i ungdomsskulen

Les meir & bestill

Er det nokon andre kurs du kunne tenke deg? Send gjerne forslag til post@vitemeir.no