bakgrunn

 

Kvifor Vitensenter i Sogn og Fjordane?

Vi har i dag 10 vitensenter i Noreg. Etablering av eit senter på Kaupanger i Sogndal kommune er geografisk utfyllande til desse, og gjev gode synergiar med forsking- og utdanningsinstitusjonar, offentlege etatar og næringslivet. Dette vil skape ein arena for idemyldring mellom unge mennesker og desse aktørane.

Senteret vert samlokalisert med nasjonal linje for transport og logistikk ved Sogndal Vidaregåande Skule.

Vitensenteret i Sogn og Fjordane har fått namnet ViteMeir.

Kva er eit vitensenter?

Vitensentra inspirerer barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap, og samarbeider med skuleverket om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. Eit vitensenter rettar seg i hovudsak mot barnehagar, skular og alle andre som ønskjer seg meir realfagkompetanse.

 
Ute.jpg