Opplev ViteMeir

Frå botn av Sognefjorden på 1303 muh. til Galdhøpiggen på 2469 moh. Opplev utstillinga vår etasje for etasje.


1. etasje

I 1. etasje av utstillinga på ViteMeir finn du morosame og lærerike aktivitetar for ein kvar smak. I denne utstillinga er temaet energi og berekraftig reiseliv. 

2. etasje

I 2. etasje på ViteMeir står kroppen sin energi i fokus. Her kan du mellom anna sjå dei ulike laga av kroppen din i den animerte kroppsspegelen og utfordre eigne evner.

3. etasje

I 3. etasje på ViteMeir er temaet toppen av både kloden og kroppen. Her kan du lære om vêr, vind og verdsrommet, og utfordre dei små grå i Sophus Lie si matematiske verd.


Arrangement og aktivitetar

I tillegg til utstillinga har me fleire kjekke aktivitetar gjennom året. Me tilbyr mellom anna eksperimentshow, aktivitetar på SmaksLab, kreativ skaping i Makerspace og mykje meir.

Takhagen

Takhagen på ViteMeir inneheld nyttevekstar og uendelege moglegheiter. Arkitekten var inspirert av takhagane i New York då ho teikna den og det er blitt ein grøn oase på toppen av bygget vårt.

SmakeMeir

I nye restaurantlokaler på ViteMeir inviterar me deg til eit stemningsfullt måltid. Me har også ein flott uteservering under tak om du vil sitte ute i sol eller regn.