Om ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS

ViteMeir er vitensenteret for Sogn og Fjordane. Midt i hjartet av Kaupanger i Sogndal kommune finn du eit moderne og interaktivt vitensenter som inspirerer born, ungdom og vaksne til å utforske realfag, teknologi, naturvitskap og berekraft på ein engasjerande måte. Sidan opninga i november 2021 har ViteMeir blitt ein viktig møteplass for læring, nysgjerrigheit og opplevingar i regionen. Me tek imot skuleklassar, barnehagar, familiar, fritidsgjester, næringsliv og turistar gjennom heile året, og ønskjer å gjere kunnskap både tilgjengeleg og morosam for alle aldersgrupper. Frå me opna og til i dag, har me i snitt nådd ut til over 35 000 besøkande kvart år (gjennomsnitt frå 2022-2025), med eit mål om å auke dette talet ytterlegare.

ViteMeir er ei ideell bedrift uten profittmål. Eventuelle overskot frå billettsal, arrangement og prosjekt går tilbake til samfunnsoppdraget vårt som er å inspirere til realfagsglede og bidra til rekruttering til kompetanseområde som Noreg treng i dag og i framtida.

Diagram som viser prosentvis fordeling av inntekter i 2025

Diagrammet viser fordelinga av inntekter i 2025

Kva er eit vitensenter?

Eit vitensenter er eit populærvitenskapleg opplevings- og læringssenter. Tenk deg ei blanding av teknisk museum, eit show, eit laboratorium og ein spennande leikeplass. Då har du eit lite inntrykk av kva me er.

Kvifor vitensenter?

Vitensentera inspirerer born og vaksne til å utforske og søke nye opplevingar, og samarbeider med skuleverket om å utvikle ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. 

Me har i dag 13 regionale vitensenter i Noreg. ViteMeir på Kaupanger er senteret for regionen Sogn og Fjordane. Om du lurer på kor alle dei andre er kan du finne ut av det her.

Utsnitt av norgeskart med grønne piler som markerer alle 13 vitensenter

Eit vitensenter for framtida

Gjennom interaktive utstillingar, eksperiment, aktivitetar og læringsopplegg ønskjer me å styrkje interessa for teknologi, naturfag, matematikk og innovasjon – kompetanse som samfunnet treng både i dag og i framtida.

Eit besøk hjå oss handlar ikkje (berre) om å sjå – det handlar om å prøve, utforske, skape og oppleve sjølv. Me trur at den beste læringa skjer når ein får bruke både hovudet og hendene. Difor er opplevingane hos ViteMeir bygde rundt interaktiv og leikande læring.

Interaktive opplevingar for born og vaksne

Utstillingane våre er utvikla for å engasjere både små og store. Gjennom tre etasjar kan du utforske tema som energi, kroppen, matematikk, vêr, verdsrommet og mykje meir. Frå botnen av Sognefjorden til toppen av Galdhøpiggen tek me deg med på ei opplevingsreise gjennom natur, vitskap og menneskeleg utvikling.

Berekraft i sentrum

Berekraft er ein sentral del av identiteten til ViteMeir. Frå idéstadiet har senteret hatt fokus på miljø, ressursbruk og framtidsretta løysingar. Bygget er bygd i 90 prosent tre og det blei nytta fleire lokale bedrifter i byggeprosessen. Les gjerne meir om bygget som er ein heil skog i denne fine saken på Vestland fylkeskommune sine sider.

Les meir om sertifiseringar og arbeidet vårt med berekraft her.

Ein læringsarena for skular og næringsliv

ViteMeir samarbeider tett med skular, utdanningsinstitusjonar og næringsliv i regionen. Me utviklar undervisningsopplegg som er relevante for læreplanane og gir elevar praktiske erfaringar innan realfag og teknologi.

Gjennom samarbeid med lokale aktørar og bedrifter ønskjer me å styrkje interessa for framtidsretta fagområde og bidra til rekruttering innanfor yrker med bakgrunn i realfag og teknologi.

Butikk og kafe

Butikken og kafeen vår held ope i Vitensenteret sine opningstider. I butikken kan du finne fleire spennande produkt som inspirerar til leikande læring. Kafeen vår, SmakeMeir, tilbyr mellom anna nydelige lunsjretter, kaker, kaffi og is.

Bildene viser ein liten del av korleis dei første skissene såg ut og korleis bygget såg ut ved opning i 2021.

Eigarar og styret

Eigarstruktur

Vestland Fylkeskommune - 33,3 %
Sogndal Kommune - 18,3 %
Kaupanger Næringsforening - 9,80 %
Stiftinga Vestlandsforsking - 7,5 %
Sogn Næring AS - 6,5 %
Luster Kommune - 5,6 %
Vik Kommune - 3,9 %
Lærdal Kommune - 3,6 %
Nito - Norges Ingeniør- og Teknologiorganisasjon - 3,3 %
Høgskulen på Vestlandet - 3,3 %
Kinn Kommune - 3,3 %
Sunnfjord Kommune - 1,6 %

Styret

Tor Arne Ness, styreleiar
Torunn Gauteplass Hønsi, nestleiar
Øyvind Midtbø Berge
Anne Kauppi
Mari Husabø
Åge Ansgar Stafsnes
Silje Flugheim Heggestad

Varamedlemmar

  1. vara: Anne Jorunn Fjærestad

  2. vara: Anders Bjærke

  3. vara: Line Bjelde

Årsrapportar