Nærbilde av mann i grønn t-skjorte som lodder

Sygnir Reodorklubb

Har du ein oppfinnar i magen? Har du lyst til å lære deg å kode, 3D-printe, laserkutte, lodde og reparere ting? På ViteMeir kan du lære deg alt dette og mykje meir i Sygnir Reodorklubb!

 

Sygnir Reodorklubb har samling onsdagar frå 17.00-19.00 på ViteMeir. Tilbodet er for born og unge frå 5.-10. klasse. Klubben held open frå etter haustferien fram til påske. Medlemskontigent er på 250 kr og varer ut skuleåret.

 

Anna info:

Har du spørsmål eller innspel? Send dei på e-post til enk@vitemeir.no eller auv@vitemeir.no

Sygnir Reodorklubb brukar Spond til påmelding og kommunikasjon. Gruppekode for Sygnir Reodorklubb er «AWMII».  Nokre arrangement kan ha begrensa antall deltakarar.


Bli medlem


Årsavgifta er på 250 kr, og gjeld skuleåret 2025-2026. Betalast i resepsjon ved første frammøte.