Møterom

ViteMeir er meir enn eit vitensenter og kan by på eit godt utval av møteromsfasilitetar frå 1 til 100 personar.

Kontakt Heidi Breili Bøthun for spørsmål og bestilling:

hbb@vitemeir.no | +47 970 99 452

 
 
 

Eit godt tips, om du har eit møte hjå oss, er å bestille dagplass på FUS ViteMeir. Då får du nytta arbeidsdagen best mogleg, og du kan bygge nettverk med dei andre som sitter der.

Møterommet på FUS

Det minste møterommet vårt har ein lun og flott atmosfære med kapasitet til 8 personar og alle tekniske fasilitetar du har behov for. Møterommet er lokalisert i kontorfellesskapet FUS Kaupanger.

Ønskjer du lunsj frå SmakeMeir eller anna enkel servering? Sjå menyen på toppen av sida.

Styrerom

Styrerommet vårt er lokalisert i kontorfellesskapet på FUS Kaupanger og har kapasitet til 20 personar. Møterommet er utstyrt med kamera og lydutgjevning slik at du kan gjennomføra profesjonelle digitale møter.

Ønskjer du lunsj frå SmakeMeir eller anna enkel servering? Sjå menyen på toppen av sida.

Auditorium

I første etasje har me eit auditorium med kapasitet til 91 personar, der 8 plassar er tilpassa rullestol. Me kan tilrettelegge for inn til to ekstra stolradar på golvet og slik auke kapasiteten til rundt 120 sitjeplassar. Auditoriet har projektor, god lyd og er perfekt for allmøter, mellomstore konferansar og ikkje minst show og foredrag.

Kursklasserom

Me kan tilby eit godt utstyrt klasserom og møterom for 35 personar i klasseromsoppsett.