Rammeavtale med Fylkeskommunen

Sogn og Fjordane fylkeskommune logo.jpg

Fylkeskommunen vedtek rammeavtale med ViteMeir

Fylkestinget vedtok 4. juni 2019 at Sogn og Fjordane fylkeskommune inngår ei treårig rammeavtale med ViteMeir frå skuleåret 2020/2021. Avtalen omfattar tilgang til utstillingane og ulike læringsprogram ved senteret, besøk fra ViteMeir på dei vidaregåande skulane, samt tilhøyrande ambassadørordning for tilsette ved skulane.

Forutsetning for å bli eit regionalt vitensenter

-          Dette er nok ei viktig brikke å få på plass innan hausten 2019 då vi kjem til å søkje Vitenstyret (forvaltar av Vitensenterprogrammet i regi av Norsk Forskningsråd) om status som regionalt vitensenter, seier Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir. Ei fylkeskommunal forankring er eit av kriteria som må innfriast for å kunne utløyse statleg tilskot til drift. Fylkeskommunen er no sterkt inne i realiseringa av senteret, både som største eigar, byggherre for det nye bygget som kjem på Kaupanger og no som brukar av senteret for sine vidaregåande elevar.

Detaljane i avtalen om kva tilbodet til dei vidaregåande skulane skal innebere vil bli konkretisert når innhaldsutviklinga ved senteret er komme nokre steg vidare.

Gasta Design