Vitenshow og aktivitetsbod
Skal di bedrift arrangere noko spesielt for dei tilsette? Eller ønskjer ditt lokallag å ha litt ekstra underhaldning på marknaden/arrangementet? Me kan setje saman eit opplegg som passar for dykk!
Vitenshow
Vitenshow frå ViteMeir kan by på smell, røyk, overraskingar og spanande læring!
Me kan tilby vitenshow på ViteMeir eller utanfor vitensenteret, og har moglegheit til å skreddarsy dei fleste løysingar og kombinasjonar enten du ønskjer vitenshow og aktivitetsbod/aktivitet samla eller kun vitenshow. Me vil alltid gjere vårt ytterste for å møte dykkar behov— ta kontakt i skjemaet under for eit uforpliktande tilbod.
Vitenshowet varar i ca. 30 minutt.
Aktivitetsbod
Aktivitetsbod frå ViteMeir kan leigast for ein heil dag, enten aleine eller i kombinasjon med vitenshow.
Boda inneheld varierte aktivitetar som dei besøkande kan utforske, eksperimentere og lære av! Eksempel på aktivitetar me tek med er store såpebobler, vassveggen, stø på handa, IQ-nøtter, Hanois tårn og froskebordet m.m. Me set saman noko me trur passar for dykk!