Sitep og ViteMeir inngår samarbeid om å gjere born og unge engasjerte i teknologi

Signering Sitep intensjonsavtale 20190920.jpg

Vi vil jobbe målretta for å gjere born og unge nyfikne på utdanningsvalg innan teknologi.

- Denne intensjonsavtalen legg grunnlaget for eit vidare samarbeid om å skape engasjement blant born og unge kring utfordringane samfunnet generelt, og ikkje minst Sogn og Fjordane, har om å møte behovet for teknologisk kompetanse som kjem i tida framover seier prosjektleiar for ViteMeir, Marianne Jevnaker. Næringslivet er tydelege på at det trengs rekruttering innan teknologi og ungdommen må motiverast til å søkje utdanningar innan teknologiske fagområder.

ViteMeir og Sitep har allereie fleire idear til korleis dei vil bidra til dette.

- Det er fleire innsatsområder vi ønskjer å sjå på seier dagleg leiar i Sitep, Frank Øvstetun. Det vil mellom anna vere aktuelt å samarbeide om å inspirere jenter til å velgje studieretningar innanfor teknologi gjennom å tilby fasilitetar og møteplassar der dei i praksis kan få “hands-on” erfaringar med t.d. teknologisk utstyr. På sikt vil vi og sjå på moglegheiter for å opprette samarbeidsprosjekt om ulike aktivitetar og tilbod knytta til teknologi.

ViteMeir ser fram til eit spennande og fagleg lærerikt samarbeid med Sitep i tida framover!

Frå venstre: dagleg leiar ved Sitep, Frank Øvstetun og prosjektleiar ViteMeir, Marianne Jevnaker.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

De Heiberske Samlinger Sogn Folkemuseum og ViteMeir inngår fagleg samarbeid om læringstilbod til born og unge

Neste
Neste

Samarbeid med Sunnfjord Skaparhus og Reodorklubben