Kort status Vitensenteret i Sogn og Fjordane

gutp%C3%A5senteret.jpg

Vitensenteret i Sogn og Fjordane skal inspirere og skape grobotn for læring og utvikling for heile regionen.

Vi takkar alle som bidreg i prosjektet både frå næringslivet, skulane og ildsjeler som ser kva dette senteret betyr for samfunnet. Ein spire til å lære meir om realfag, teknologi og naturvitenskap.

Eit læreland der både unge og vaksne kan treffast på tvers av generasjonar, og eit læreland som skal vere ein katalysator for skulane for at elevane skal ta del i framtidas mulegheiter og utfordringar! Marianne Jevnaker er tilsett som prosjektleiar, og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tildelte 2 mill. til interaktivt innhald til senteret i haust. Hydro Årdal/Høyanger har gått inn som strategisk partnar, og lokalt næringsliv støttar godt oppunder prosjektet.

Våren 2019 kjem konkurransegrunnlaget for bygget, og målet er at senteret skal stå ferdig til skulestart 2020. Fylkeskommunen er byggherre for bygget som skal romme både Vitensenter, Sogndal VGS og ein innovasjonslab for næringslivet. Vil du vite meir eller bidra til realisering?

Ta gjerne kontakt med oss. Mange brikker skal på plass, 2019 vert spennande!

Gasta Design