Opplev utstillinga

2. etasje

Test reaksjonsevna di i Nattesten i stil med Mesternes Mester. Klatre over isbreen og gå på line over fjorden, eller konkurrer med venene dine om kven som skyt ein fotball hardast. I 2. etasje på ViteMeir står kroppen sin energi i fokus. Her kan du mellom anna sjå dei ulike laga av kroppen din i den animerte kroppsspegelen og utfordre eigne evner. 

Visste du at ein aktiverer fleire delar av hjernen om ein er fysisk aktiv medan ein lærer? I den interaktive ballveggen på ViteMeir kan du bruke kroppen til å lære frå fleire ulike spel. Du kan til dømes lære om fotosyntese og tannhelse, eller øve på ulike rekneartar ved å kaste ball på rett svar. 

Teknologien er i stadig utvikling, men det hjelper lite viss me ikkje veit korleis me brukar han. I Makerspacen inviterer me til kurs i 3D-printing, vinyltrykk på klede og programmering av artige duppedingsar. Makerspacen er berre open med tilsette til stades. Sjå arrangementskalendaren for å sjå når me har arrangement i Makerspacen neste gong. 

Våre favorittar i 2. etasje:

Skap mosaikkunst på LEGO-veggen

Prøv å sortere dei ulike treslaga i «Treet»

Lær deg å ta kontroll på eigen økonomi i spelet «Personleg økonomi»

Slepp kreativiteten laus med saks og papir i Skaparhagen

 

Kva for ein installasjon blir din favoritt i 2. etasje?