Julebord og julecatering 2025

Vi tilbyr nydeleg, heimelaga julemat i stemningsfulle omgjevnadar. Vi tilbyr òg catering med levering.

Legg årets julebord til ViteMeir

Vi tek gjerne imot bedrifta, vennelaget eller berre gjengen din. Du vil få ein koseleg velkomst med gløgg i peparkakebygda i 3. etasje (frå laurdag 16. november), før middag serverast i restauranten vår SmakeMeir i 1. etasje. Her kan du velge mellom julebuffet eller juletapas. Ønskjer du i tillegg teambuilding, quiz, matkurs eller eit møterom, hjelper vi deg gjerne med det. Vi har skjenkeløyve til øl og vin.

Minimumsbestilling for julebord i SmakeMeir er 25 personar.

Skal du arrangere julebord ein annan plass? Vi leverer gjerne mat til gjestane (catering). Minimumsbestilling for catering er 10 personar.

Bestill ved å ringje 908 43 828 eller sende ein e-post: post@vitemeir.no

 

Julemeny 2025

Vel mellom julebuffet og juletapas. Alle menyane har to prisar, ein for servering hjå oss i SmakeMeir og ein om du ønskjer å få levert cateringmat.

Bestill via telefon 908 43 828 eller e-post lise.sundberg@vitemeir.no

 
 
 
 
unsplash-image-SUTfFCAHV_A.jpg

Allergen:

 

1. Kornslag som inneheld gluten: a) Kveitemjøl b) Rug c)Bygg d) Havre e) Spelt f)Korasankveite.

2. Skalldyr

3. Egg

4. Fisk

5. Peanøtter

6. Soya

7. Melk

8. Nøtter: a) Hassel b) Mandler c) Valnøtter d) Kasjun e) Pekan f) Pistasj g) Paranøtter h)Makademianøtter

9. Selleri

10. Sennep

11. Sesamfrø

12. Svoveldioksid og sulfitter

13. Lupin

14. Bløtdyr