Matkurs
Matkurs på Vitemeir – smak, samarbeid og stemning
Skal di bedrift arrangere noko spesielt for dei tilsette? Eller kanskje laget ditt ønskjer å styrke samholdet? På Vitemeir kan de setje smak på samlinga med eit inspirerande og sosialt matkurs! Dette er ei oppleving som passar perfekt for grupper, bedrifter eller lag som ønskjer ein kjekk aktivitet – anten som del av eit møte, seminar eller selskap, eller som eit eige arrangement.
Gjennom kurset får de lage mat saman, lære nye teknikkar og få innsikt i lokale råvarer og berekraftige val. Våre erfarne instruktørar legg til rette for god stemning, samarbeid og læring – og sjølvsagt avsluttar me med å nyte det de har laga!
Matkurs på Vitemeir handlar om meir enn matlaging – det handlar om fellesskap, kreativitet og ekte matglede.
Velkomen til ei oppleving som både smakar og skapar minner!