Bilde fra filmrommet, med bakhodene til mange mennesker

Partnarar

ViteMeir har eit breitt samansett partnarnettverk som strekk seg over både bransjar og regionar. Partnarane er delt inn etter storleik og namn på høge fjell i området vårt. I 2023 opna me ny energiutstilling på ViteMeir. Dette hadde ikkje vore mogleg utan våre energiske og engasjerte energi-partnarar.

 
 

Galdhøpiggen-partnar og finansielle samarbeid

Galdhøpiggen (2469 moh.) er det høgaste fjellet i Noreg og Nord-Europa.

 

Storen-partnar

Storen, Store Skagastølstind (2405 moh.) er det høgaste fjellet i Hurrungane og det tredje høgaste fjellet i Noreg. Storen ligg på grensa mellom Årdal og Luster kommune.

 

Skåla-partnar

Skåla (1848 moh.) ruvar over Loen og er rekna som Noregs høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

 

Bleia-partnar

Bleia (1717 moh.) ligg i Lærdal kommune og er fjellet du har utsikt til gjennom glasfasaden på ViteMeir.

 

Kjeringi-partnar

Kjeringi, Kjeringafjell (1349 moh.), ligg på Leikanger i Sogndal kommune.