Opplev utstillinga

3. etasje

Sett deg på motorsykkelen og kjenn korleis vindstyrken blåser håret ditt bakover. Konkurrer om å blåse ballar ved hjelp av Bernoullieffekten, eller samarbeid om å bygge eit fjell. I 3. etasje på ViteMeir er temaet toppen av både kloden og kroppen. Her kan du lære om vêr, vind og verdsrommet, og utfordre dei små grå i Sophus Lie si matematiske verd. 

Sophus Lie er maskoten til ViteMeir, men før han fekk denne stjernestatusen var prestesonen frå Nordfjordeid best kjend som ein av Noreg sine største matematikarar. På ViteMeir byr Sophus på spennande mattenøtter og eit matematisk klatretårn som inviterer deg med inn i matematikken. 

Visste du at Jorda er den einaste planeten me har funnet liv på? Kva er det som gjer Jorda så spesiell, og kvifor er det liv akkurat her? I 3. etasje kan du lære meir om korleis Jorda er bygd opp og korleis ho har endra seg gjennom historia. Test korleis mengda drivhusgassar i atmosfæren påverkar klimaet på Jorda, og kva planetar som ligg i det forskarane kallar den levelege sona, eller gullhårsona. 

Våre favorittar i 3. etasje:

Bygg eit tårn og sjå kor lenge det held under eit jordskjelv

Lær deg grunnleggjande programmering på «Kodebordet»

Pusl saman kontinenta på Jorda slik dei var før, slik dei er no og slik du trur dei vil vere i framtida

Fly gjennom lufta og samle postkort med «Paragliding-simulatoren»

Bygg ei rutsjebane på veggen ved hjelp av Arkimedes si skrue

 

Kva for ein installasjon blir din favoritt i 3. etasje?