Tilbake til alle arrangementer

LydLab, BlueBot og eksperimentshow

🎶 LydLab – lag din eigen musikk i det kule programmet Soundtrap.
🤖 BlueBot – bli med å teikne med BlueBot der du styrer retningen.
💥 Eksperimentshow – bli med på eksperimentshow med VitenVertane

TID OG STAD: laurdag 7. mars klokka 11-12 og 13-14 kan du teste ut LydLab i MakerSpace og teikne med BlueBot i Skaparhagen i 2. etasje. Klokka 14.30 er det eksperimentshow i auditoriet i 1. etasje.

🎶 Har DU lyst til å lage musikk? Kanskje du vil prøve deg som DJ? 🎧🎙🥁🎺 🔊
I lydlaben får du lære å bruke eit program som heiter Soundtrap. Du kan utforske rytmar og lage den musikken du vil. Dette opplegget er utvikla for 7.-10. trinn. Dei som er yngre enn det bør ha med seg ein vaksen. LydLab blir tilbydd i samarbeid med Equinor - Morgendagens helter.

🤖 Me har mange BlueBot i ulike fargar. Dei kan køyre framover, rygge bakover og svinge til høgre eller venstre - du bestemmer! Finn ein tusj i den fargen du likar. BlueBoten vil teikne medan han køyrer løypa du har bestemt. SAMAN kan me lage ein stor teikning, der DU har laga ditt eige bidrag. 🎨➰🖍️

💥 VitenVertane held Eksperimentshow i helgane. Her kan du forvente eksperimentering med flammar, luft og røyk, lys og vatn. 👩‍🔬💨🔥🥼

Forrige
Forrige
4. mars

Eksperimentonsdag | LydLab og BlueBot

Neste
Neste
8. mars

LydLab, BlueBot og eksperimentshow