Tilbake til alle arrangementer

Forskingsdagane: Tryggleik


Velkommen til Forskingsdagane på ViteMeir 26.–28. september!
Årets tema er tryggleik, og vi inviterer deg til tre spennande og lærerike dagar der du kan utforske kva tryggleik betyr – i kvardagen, i samfunnet og i framtida.

Gjennom aktivitetar og utstillingar kan du lære meir om mellom anna branntryggleik, trafikktryggleik og beredskap – viktige tema som angår oss alle. Kva gjer du om det byrjar å brenne? Korleis held vi oss trygge i trafikken? Og kor godt er vi eigentleg førebudde dersom krisa kjem?

Som alltid arrangerer me også vår populære vitenkveld, der du får servert kunnskap med eit glimt i auget – etterfølgd av ein uhøgtidleg og kjekk quiz.

Meir info om program og tider kjem, men sett av datoen allereie no!

Tidligere arrangement: 4. august
Sommarskule 2025