🎶 LydLab – lag din eigen musikk i det kule programmet Soundtrap.
🤖 BlueBot – bli med å teikne med BlueBot der du styrer retningen.
TID OG STAD: Onsdag 18. mars klokka 17.00-18.00 kan du teste ut LydLab i MakerSpace og teikne med BlueBot i Skaparhagen.
🎶 Har DU lyst til å lage musikk? Kanskje du vil prøve deg som DJ? 🎧🎙🥁🎺 🔊
I lydlaben får du lære å bruke eit program som heiter Soundtrap. Du kan utforske rytmar og lage den musikken du vil. Dette opplegget er utvikla for 7.-10. trinn. Dei som er yngre enn det bør ha med seg ein vaksen. LydLab blir tilbydd i samarbeid med Equinor - Morgendagens helter.
🤖 Me har mange BlueBot i ulike fargar. Dei kan køyre framover, rygge bakover og svinge til høgre eller venstre - du bestemmer! Finn ein tusj i den fargen du likar. BlueBoten vil teikne medan han køyrer løypa du har bestemt. SAMAN kan me lage ein stor teikning, der DU har laga ditt eige bidrag. 🎨➰🖍️