Tilbake til alle arrangementer

Humlevandring for store og små

Tysdag 2. juni inviterer me til humlevandring.

Stein Joar Hegland står for humlevandringa. Der får de lære meir om humler og kvifor desse er så viktige for oss. Etterpå får de utdelt hov og bli med på å fange ulike humleartar og identifisere desse, før me slepp dei trygt ut igjen.

Humlevandringa skjer i Brekka, garden til Stein Joar. Møt opp ved Skogly 17.00, så går me samla ned til Brekka.

Ta med deg gjengen din og bli med på ei morosam og lærerik ettermiddag!

Påmelding her


Arrangementet er gratis

Forrige
Forrige
31. mai

Såpebobler og eksperimentshow

Neste
Neste
6. juni

Ikkje-newtonsk væske og eksperimentshow