Tilbake til alle arrangementer

Pepperkakebygd og julegensartrykking

Laurdag 6. og søndag 7. desember er du velkomen til julegensartrykking! 👕🎄 Me har (takka vere NTP) fått tak i masse fine juletrykk, slik at du kan oppdatere ein kjedeleg gensar frå skapet og lage deg ein ny, stygg-fin julegensar. I tillegg til trykking blir det mogleg å sy på anna pynt – her er det berre fantasien som set grenser. Det viktigaste er at du tek med deg det du ønskjer å trykkja på sjølv!

Tid og stad: Mellom klokka 11.00–12.00 og 13.00–14.00 i Makerspace i 2. etasje.

PS: Det bør vera eit plagg med nokonlunde glatt overflate – til dømes eignar strikkegensarar seg dårleg til trykk.

Me kan lova deg ei magisk førjulsstemning i Pepperkakebygda vår. 🎄🎅🏻✨ Utstillinga held ope i ViteMeir sine opningstider.

Forrige
Forrige
3. desember

Onsdagsaktivitet - Pepperkakebygda og julegensertrykking

Neste
Neste
7. desember

Pepperkakebygd og julegensartrykking