Tilbake til alle arrangementer
Laurdag 13. og søndag 14. desember er du velkomen til julegensartrykking! 👚🎄 Me har (takka vere NTP) fått tak i masse fine juletrykk, slik at du kan oppdatere ein kjedeleg gensar frå skapet og lage deg ein ny, stygg-fin julegensar. I tillegg til trykking blir det mogleg å sy på anna pynt – her er det berre fantasien som set grenser. Det viktigaste er at du tek med deg det du ønskjer å trykkja på sjølv!
Tid og stad: Mellom klokka 11.00–12.00 og 13.00–14.00 i Makerspace i 2. etasje.
PS: Det bør vera eit plagg med nokonlunde glatt overflate – til dømes eignar strikkegensarar seg dårleg til trykk.
Me kan lova deg ei magisk førjulsstemning i Pepperkakebygda vår. 🎄🎅🏻✨ Utstillinga held ope i ViteMeir sine opningstider.