Tilbake til alle arrangementer

Mobile installasjonar, slimlaging og eksperimentshow

Laurdag 18. og søndag 19. april er du velkomen til mobile installasjonar, slimlaging og eksperimentshow!

🎡 MOBILE INSTALLASJONAR: I utstillinga har me fått besøk av fleire mobile installasjonar som ofte er med ViteMeir på tur. Dei blir ståande for å puste frisk luft inn på ViteMeir heile April.
Her kan du:
🧠 Konkurrere med hjerneaktivitet
🚨 Lage din eigen innbrotsalarm ⛓️‍💥🔒
🔑 og mykje anna spennande!
Tid og stad: I utstillinga heile dagen.

🐌 SLIMLAGING: På ViteMeir kan du lage slim med fargar og glitter. Med ViteMeir si slimoppskrift kan du lage ditt eige slim. Om det skal være blankt, grønt eller sprakande rosa bestemmer du heilt sjølv. Vi lovar to slimete dagar på ViteMeir. 💚
OBS det kan bli gris og gørr, men gørrkjedeleg blir det ikkje. Slimet får du ta med deg heim.
Tid og stad: Mellom klokka 11–12 og 13-14 i SmaksLaben i 3. etasje.

💥 EKSPERIMENTSHOW: VitenVertane held eksperimentshow i helgane. Her kan du forvente eksperimentering med flammar, luft og røyk, lys og vatn. 👩‍🔬💨🔥🥼🧪✨
Tid og stad:
Klokka 14.30 i Auditoriet i 1. etasje.

Forrige
Forrige
15. april

Onsdagsaktivitet | Mobile installasjonar

Neste
Neste
19. april

Mobile installasjonar, slimlaging og eksperimentshow