Tilbake til alle arrangementer

Mobile installasjonar, oppfinnarverkstad og eksperimentshow

Laurdag 11. og søndag 12. april er du velkomen til mobile installasjonar, oppfinnarverkstad og eksperimentshow!

🎡 MOBILE INSTALLASJONAR: I utstillinga har me fått besøk av fleire mobile installasjonar som ofte er med ViteMeir på tur. Dei blir ståande for å puste frisk luft inn på ViteMeir heile April.
Her kan du:
🧠 Konkurrere med hjerneaktivitet
🚨 Lage din eigen innbrotsalarm ⛓️‍💥🔒
🔑 og mykje anna spennande!
Tid og stad: I utstillinga heile dagen.

💡 OPPFINNARVERKSTAD: Form figurar med vår heilt nye pappsag, skru det saman med pappskruer og verktøy. Bygg eitt hus, lag eitt dyr eller finn på din heilt eigne figur. Her er det lov å leike og være kreativ med verktøy, form og farge. 🚀
👀 Kom og test
📖 Lær medan du leikar
🙌 Perfekt for små oppfinnarar
NB: Utstyret må takast frå kvarandre etterpå, slik at det er klart for nye oppfinningar.
Tid og stad: Mellom klokka 11–12 og 13-14 i Makerspace i 2. etasje.

💥 EKSPERIMENTSHOW: VitenVertane held eksperimentshow i helgane. Her kan du forvente eksperimentering med flammar, luft og røyk, lys og vatn. 👩‍🔬💨🔥🥼🧪✨
Tid og stad:
Klokka 14.30 i Auditoriet i 1. etasje.

Forrige
Forrige
8. april

Onsdagaktivitet | Mobile installasjonar

Neste
Neste
12. april

Mobile installasjonar, oppfinnarverkstad og eksperimentshow