Tilbake til alle arrangementer

Onsdagsaktivitet - Planetariumvisning og fotoutstilling

Onsdag 30. september kan du bli med på ei reise ut i verdsrommet! I vårt oppblåsbare planetarium kan du lene deg tilbake og oppleve stjernehimmelen, planetane og galaksane på nært hald. Perfekt for både små og store som vil oppleve ei reise i universet. 🌏🚀✨

Frå 30. september og ut oktober vil du også få muligheiten til å oppleve ei fotoutstilling med bilete av detaljar i verdsrommet som du kan sjå frå eigen hage så lenge du har teleskop. Alle bileta er tekne av hobbyfotografar i Noreg, og viser eit lite utvalg av det som er mogleg å oppdage på himmelen.

Planetariumvisningane vert mellom klokka 17.00-18.00 i Filmrommet i 3. etasje. Kvar visning varar i omlag 11 minutt.

Bilete brukt i dette innlegget er tatt av Henrik Erevik Riise.

Forrige
Forrige
26. september

Forskingsdagane 2026: Tillit

Neste
Neste
3. oktober

Haustferie