Laurdag 17. oktober og søndag 18. oktober kan du bli med på ei reise ut i verdsrommet! I vårt oppblåsbare planetarium kan du lene deg tilbake og oppleve stjernehimmelen, planetane og galaksane på nært hald. Perfekt for både små og store som vil oppleve ei reise i universet. 🌏🚀✨
Frå 30. september og ut oktober vil du også få muligheiten til å oppleve ei fotoutstilling med bilete av detaljar i verdsrommet som du kan sjå frå eigen hage så lenge du har teleskop. Alle bileta er tekne av hobbyfotografar i Noreg, og viser eit lite utvalg av det som er mogleg å oppdage på himmelen.
Planetariumvisningane vert mellom klokka 11.00-12.00 og 13.00-14.00 i Filmrommet i 3. etasje. Kvar visning varar i omlag 11 minutt.
Klokka 14.30 er du velkomen til eksperimentshow i auditoriet. 💥