Caverion støttar Sygnir Reodorklubb

Eskil Nore Kveim (Felgen), Andreas Uglum Vikdal (Reodor) og Helge Bakkane (Caverion)

Caverion bidreg med 60.000 kr til utstyr til Sygnir Reodorklubb!

Sygnir Reodorklubb er eit fritidstilbod for born og unge frå 5.-10. klasse. Det første halvåret etter oppstart har vist kor viktig og populært eit slikt tilbod er. Her kan ein lære seg å kode, 3D-printe, laserkutte, lodde og reparere ting for å nemne noko. Til slike aktivitetar treng ein sjølvsagt ein del utstyr, og me er derfor så glade for at Caverion vil bidra til dette!

Me er avhengige av slike støttespelarar for å kunne oppretthalde eit godt tilbod for medlemmane

“Me er avhengige av slike støttespelarar for å kunne oppretthalde eit godt tilbod for medlemmane i klubben” seier Eskil Nore Kveim, vår eigen formidlar og “Felgen”. “Me er difor takksame for støtta Caverion vel å gå inn med”, avsluttar han.

Heidi Breili Bøthun