"Dere er for små, dette kommer aldri til å gå"
«Dere er for små, dette kommer aldri til å gå»
Etter tre heile driftsår har ViteMeir vist at det faktisk går an å drive eit levande vitensenter på Kaupanger – med stort nedslagsfelt, solid støtte og stadig fleire besøkande.
Då ideen om eit vitensenter på Kaupanger først dukka opp i 2016, var det mange som rista på hovudet. Mange andre regionar hadde prøvd, kan ein verkeleg klare å etablere eit vitensenter i Indre Sogn? Det fanst jo ikkje slike senter utanfor dei større byane – og det var verken departement eller fylkeskommune som pressa på. Tvert imot: Det var næringslivet i Sogn som tok initiativet, og etter kvart fekk med seg fylkeskommunen, kommunar både i Sogn og Sunnfjord, HVL og Vestlandsforsking blant andre. Då dørene opna i 2021, hadde det gått under fem år – truleg Noregsrekord.
– Mange var nok skeptiske både i Bergen og i kommunane rundt oss då me presenterte ideen. Nokon frykta at dette kom til å bli eit pengesluk, men etter 3 heile driftsår kan me stadfeste at ViteMeir har vore økonomisk berekraftig frå første dag. At både næringslivet og kommunane stilte opp frå starten var heilt avgjerande, seier styreleiar og initiativtakar Tor Arne Ness.
Må ha mange bein å stå på
(Kaupanger og )Sogn er ikkje større enn at det er heilt avgjerande at ViteMeir spelar ei regional rolle. For å vere eit tilbod for heile Sogn og Fjordane skjer óg mykje av aktiviteten utanfor senteret – med ViteMeir på hjul(ute i kommunane).
– Frå dette skuleåret har me avtale om å levere læringsopplegg til 17 av 18 kommunar i gamle Sogn og Fjordane. Den einaste kommunen me ikkje har avtale med er Gulen, men dei har me avtalt at VilVite i Bergen tek seg av. Det krev at me er mykje «på hjul». I tillegg er me med på alt frå marknader og festivalar til bedriftsdagar, seier dagleg leiar Gry Høyheim.
Frå vitenshow på Gaularmarknaden.
ViteMeir har vorte ein populær møteplass for både fritidsgjestar og ein støttespelar for skular og barnehagar. Mange oppdagar òg at me er ein fleksibel møteplass for næringslivet, med matservering og aktivitetar for små og store grupper.
For små – og store – og alle midt imellom
Med nesten 37 000 besøkande i 2024 har interessa aldri vore større. Målet om 40 000 besøkande i året, som vart sett før opninga, er no innan rekkjevidde og på ingen måte noko tak.
– Me jobbar mot dette målet og nærmar oss år for år, og det mest gledelege er at me i 2024 nådde over 13.000 elevar og lærarar som er kjerna i samfunnsoppdraget vårt. Det å vere ein spire til realfag og framtidas behov for arbeidskraft. Så er eg stolt av gjengen på ViteMeir som leverer læringsopplegg og aktivitetar året rundt, mykje meir enn eg hadde drøymt om. Det som for mange verka hårete, er no ein spennande arbeidsplass med 27 tilsette fordelt på 15 årsverk, men me er framleis ferske og har ikkje plan om å lene oss tilbake, seier Ness.
Tilbodet er variert, og det skal vere like spennande for 3-åringen som for 13-åringen – og for foreldre og besteforeldre. Likevel merkar ViteMeir at enkelte misoppfatningar heng igjen.
– Nokre trur me er ein del av fylkeskommunen, eller at me er fullfinansierte og ikkje treng å tene pengar. Andre trur at tilbodet berre passar for små born eller berre for store born. Alt dette stemmer ikkje. Me er ein sjølvstendig aktør, og me må ha mange bein å stå på for å få hjula til å gå rundt. Difor er både billettinntekter, catering, kurs og oppdrag viktige delar av drifta, seier Høyheim, og legg til:
– Det viktigaste me tilbyr, er opplevingar der born og unge får lære ved å gjere – med hovudet, hjarta og hendene på ein gong. Her er det ikkje lov å ikkje ta på noko.
Årsrekneskapen for 2024 viser at drifta er sunn med eit positivt driftsresultat. Overskotet går i sin heilskap attende til drift og vidareutvikling av tilbodet. For sjølv om mykje er gjort, er ViteMeir langt frå ferdige. Planar om nye utstillingar, nye læringsopplegg og aktivitetar for både små og store ligg allereie klare.
– I sommar har me mange spennande aktivitetar kvar einaste dag, det gler me oss til!
Oppsummert ViteMeir
Godkjent av Noregs Forskingsråd som 1 av 13 regionale vitensenter i Noreg
Opna 11.11.2021 på Kaupanger
500 læringsopplegg i 2024
37 000 besøkande i 2024
27 tilsette fordelt på 15 årsverk
Målgruppe
Elevar og lærarar (frå barnahage til høgskule)
Fritidsbesøkande
Næringsliv
Reiseliv