Me er på jakt etter ein formidlingspotet!

Me søkjer ny potet! Har du erfaring med formidling? Vil du ha ein arbeidskvardag der du får bidra til at born og unge får auka interesse for koding og programmering? Er du handy og strukturert? Og er du i tillegg som poteten og kan brukast til det meste? Då kan det godt vere det er deg me ser etter.

Me ønskjer oss ein god formidlar som òg vil jobbe med utvikling og prosjekt.

 

Arbeidsoppgåver:

Som formidlar vil du vere med å ta imot ulike grupper, alt frå barnehagar til vidaregåande skular og fritidsgjestar. I tillegg vil du vere med å:

  • Utvikle og gjennomføre praktiske læringsopplegg og digitale læringstilbod

  • Besøke skular gjennom «ViteMeir på hjul»

  • Delta i ulike prosjektsamarbeid

  • Delta i anna formidlingsaktivitet på ViteMeir som arrangement og aktivitetar

  • Løyse praktiske utfordringar knytt til utvikling og drift av utstillinga


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Er/har du:

  • pedagogisk kompetanse eller erfaring med formidling?

  • sans for realfag?

  • digital kompetanse, og interesse for koding og programmering?

  • praktisk anlagt?

  • ein ryddig og strukturert lagspelar, gjerne med erfaring frå prosjektstyring?

  • sjølvgåande, lettlært og uredd?

  • meistrar godt både norsk og engelsk?

  • førarkort klasse B? Det må påreknast noko reiseverksemd.

 

ViteMeir tilbyr:

  • Ein unik sjanse til å vere med å forme og utvikle innhaldet i vitensenteret

  • Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling

  • Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver

  • Fleksibel arbeidstid

  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

  • Løn etter avtale

 

Oppstart: Etter avtale, seinast 14. august 2023.

Søknad: Send søknad og CV på e-post til: jobb@vitemeir.no.

Om oss:

ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og har snart vore i drift i halvanna år. ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og utviklingsarena for næringslivet. 

Som formidlingspotet får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 15 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.

Åse Neraas