Opningshelg og forskningsdagene 16.-17. september

Årets tema på forskningsdagane er energi og i 1. etg. på ViteMeir skjer det store forandringar. Velkommen til opningshelg og forskningsdagar 16. og 17. september!

Me tjuvstartar markeringa av årets forskningsdagar i anledning dei spennande endringane i 1. etg. Det blir premiere på det splitter nye vitenshowet “Snurrande energi” med ViteVero, me kan love at det blir spennande eksperiment på laben og sjølvsagt besøk av vår eigen Sophus. Dette vil du ikkje gå glipp av!

Som om ikkje alt det er nok, så er det i tillegg andre ting på programmet. Det skjer store forandringar i heile 1. etg. om dagen og alt dette skal avdukast denne helga! Det blir mellom anna stands frå alle dei som har gjort endringane mogleg.

Sett av helga, ta med familie og venner, velkommen skal du vera!

Heidi Breili Bøthun