På tynn is – ein kveld med foredrag, quiz og iskalde fakta

Frå og med 2025 har FN erklært 21. mars som den internasjonale bredagen, for å auke medvitet om kor viktige isbreane er – og kor raskt dei smeltar. På ViteMeir tjuvstarta vi markeringa allereie fredag 6. mars med temakvelden «På tynn is», ein sosial og lærerik kveld med quiz, foredrag og iskalde fakta.

Ivrige gjester testar JOSTICE-installasjonen vår, i 3. etg.

I samband med den nye JOSTICE-installasjonen inviterte vi til ein kveld med fokus på breane våre. Deltakarane fekk høve til å teste den nye installasjonen og sjå filmen Danninga av Sognefjorden.

Kvelden baud også på tre faglege innlegg som gav ulike perspektiv på Jostedalsbreen.

Jacob Yde, professor ved Høgskulen på Vestlandet og prosjektleiar for JOSTICE-prosjektet, fortalde om forskinga bak prosjektet og kva ho kan seie oss om utviklinga til breane framover.

Atle Nesje, professor emeritus ved Universitetet i Bergen og styreleiar ved Norsk Bremuseum i Fjærland, tok publikum med på ei historisk reise. Han fortalde om kva Jostedalsbreen har betydd for livet i bygdene rundt, og korleis breen har påverka landskap, næring og busetnad.

Kari Hole frå Redd Jostedalsbreen presenterte arbeidet i SOS-prosjektet, og viste bilete og film frå arbeidet med dette.

Etter det faglege programmet vart kvelden avslutta med quiz i SmakeMeir, der deltakarane også kunne nyte mat og drikke frå ein spesiallaga bremeny for kvelden."

Neste
Neste

Årets første partnartreff