Partnartreff og opning av ny energiutstilling

Vår eigen Reodor Felgen i aksjon på Vitenshow under partnartreff og føropning.

Då har me endeleg landa og kan sjå tilbake på ei fantastisk opningshelg.

Fredag før offisiell opning inviterte me partnarar, eigarar og andre bidragsytarar til ViteMeir for å vise fram den nye energiutstillinga i 1. etg. Det vart tid til energisk vitenshow, energipåfyll gjennom god mat og drikke, og ikkje minst mykje tid til å teste ut alle dei nye installasjonane i energiutstillinga. Tusen takk til alle som tok seg tid til å komme på føropninga og partnartreffet vårt.

Laurdag og søndag var det duka for offisiell opning av den nye utstillinga og dette markerte me med Energi-Vitenshow og energiske eksperiment på SmaksLaben. Me har gleda oss lenge til å kunne vise alle gjestene våre kva me har jobba med dei siste to åra, og om du ikkje har fått testa utstillinga enda så kan me verkeleg anbefale ein tur innom! Me kan også love masse fleire kjekke aktivitetar utover hausten, berre følg med på arrangementskalendaren vår for å halde deg oppdatert.

Heidi Breili Bøthun