Samling for framtidas matarbeidarar

Går du i 10. klasse og vurderer å søkjer restaurant- og matfagutdanninga ved Sogndal vidaregåande skule?

Då er du invitert til ei kjekk samling på Kaupanger måndag 27. januar. Du får bli med på fabrikken til Lerum for å sjå nokre av moglegheitene denne studieretninga har å by på. Etterpå går turen til ViteMeir og SmaksLaben saman med stjernekokken Tonje Torvanger. Her får du mellom anna lage iskrem med flytande nitrogen!

Arrangementet startar kl. 09.30 på ViteMeir, og vert avslutta kl. 15.30, slik at det skal passe med busstransport.

Vil du vere med?

Meld deg på her.

Forrige
Forrige

Årskort på ViteMeir-- eit heilt år med leik, læring og morro!

Neste
Neste

ViteMeir har nådd ut til 100 000 sidan opninga!