Sygnir Reodorklubb

Sygnir+Reodorklubben= sant!

Heilt frå oppstart har Reodorklubben vore eit veldig populært tilbod. Me kan no med glede annonsere at med hjelp frå Sygnir så kan me tilby Reodorklubb kvar onsdag i staden for annakvar slik som tidlegare, med det nye namnet Sygnir Reodorklubb. Dette gjer at me endeleg kan opne for enda fleire born og unge som ønskjer å vera med.

Dette blir fett

Eskil (Felgen) gleder seg til å endeleg kunne ta i mot alle som ønskjer å bli med. Dette blir fett, meld dykk på til hausten, seier han.

Eskil (Felgen), Stian Frøyland og Andreas (Reodor) samla på forrige Reodorklubb.

Følg med på nettsida, der vil det komme meir informasjon om Sygnir Reodorklubb. Fram mot då ønskjer me alle ein fin sommar og ferie!

Heidi Breili Bøthun