Tekna Sogn og Fjordane støttar matematisk leikerom på ViteMeir

Tekna vil bidra med 110 000 kr for å utvikle det matematiske universet på ViteMeir.

– Det er veldig flott at dei turde å satsa på oss, og støttar oss, seier Kristin Myhra Sæterdal. 

Tekna Sogn og Fjordane har bidratt med 110 000 kroner til å realisere Sophus Lie-universet på ViteMeir. 

–Lokallaga har ansvar for at foreninga sine aktivitetar vert oppretthaldne og utvikla lokalt. Auka rekruttering til Tekna-fag er særs høgt prioritert. Vi heiar difor på alle vitensentra i Noreg og ønskjer å vere ein støttespelar for ViteMeir, seier leiar Øystein 

“Utan fantasi blir ein ikkje matematikar” 

Sophus Lie var ein matematikar født i nordfjordeid på 1800-talet, og han vil bli ViteMeir sin maskott. Det vil og vera eit rom dedikert til hans univers med matematiske oppgåver.

– Rommet vil vera dedikert til Sophus Lie. Ein av tinga han skreiv var: “Utan fantasi blir ein ikkje matematikar.” Så det skal vera eit rom der born, i lag med dei vaksne, kan utforske seg i leik og gruble på mattenøtter, seier Myrha Sæterdal. 

Og pengane går godt med då dei skal utvikle dette matematiske universet. 

– Det er så bra at dei og tok sjansen på oss så tidleg i ideprossessen. Det har jo mykje å seia for oss at me har dei som støttespelar i korleis me utvikla det, seier ho.

Tekna er både ei teknisk-naturvitskapleg og fagforeining. Deira over 80 år gamle lokallag Tekna Sogn og Fjordane avdeling har siste åra hatt god vekst, med nær 600 medlem. 

 – Difor er vi glade for i år å kunne bidra med samla 110 000 kr, frå ein fellespott i Tekna og eigne midlar, for at ViteMeir skal realisere Sophus Lie-rommet.

Deira medlem er invitert med på på opningshelg med vitenshow, og dei ser fram til meir å samarbeide framover. 

– No gler vi oss veldig til opninga i november! Tekna-presidenten Lars Olav Grøvik vil og ta seg turen på opninga, seier Øyvind Heimset Larsen. 

Forrige
Forrige

Sjå bilde frå opningsdagen

Neste
Neste

Iselin flytta frå by til bygd for draumejobben