ViteMeir + Sogn Sparebank + Årdal, Lærdal, Aurland og Vik = Sant

Strålande nøgde med fornya samarbeidsavtale! Frå venstre: Åse Neraas, formidlingsleiar ved ViteMeir, Ragnhild Skahjem Tofastrud, leiar kommunikasjon og kundeopplevingar i Sogn Sparebank og Eskil Nore Kveim, formidlar og realfagshelt ved ViteMeir.

Sogn Sparebank har teikna ny avtale med ViteMeir, og sikrar med det den naudsynte transporten for born frå heile fire kommunar dei neste tre åra. «Ei avgjerande brikke for at borna frå Årdal, Lærdal, Aurland og Vik skal få sin del av samfunnsutbytet», seier formidlingsleiar ved ViteMeir, Åse Neraas.

Kommunane Årdal, Lærdal, Aurland og Vik har alle fornya sine bruksavtalar med ViteMeir, som sikrar at alle born, frå dei eldste i barnehagane til og med 10. klassingane, får kome på besøk til ViteMeir minst éin gong per skuleår. Dei nye avtalane gjeld for dei neste tre skuleåra.

Langvarige avtalar med kommunane er viktige av fleire årsaker. Dei bidreg til føreseieleg drift, men først og fremst er det desse avtalane som gjer at borna i kommunane rundt oss får ta del i samfunnsutbytet som ViteMeir skapar.

Gjennom den avtalen er banken ei avgjerande brikke for at borna frå desse fire kommunane skal få ta del i den leikande læringa på ViteMeir

Reisevegen og kostnadane den medfører kan vere ein barriere for besøk til ViteMeir. Sogn Sparebank viser at dei er ein lokalbank som tek samfunnsansvaret sitt på alvor ved å teikne ein ny, treårig partnaravtale som fullfinansierer busstransporten til og frå ViteMeir for elevane frå Årdal, Lærdal, Aurland og Vik.  «Bussutgiftene er ein stor del av kostnadane ved eit besøk hjå oss. Me er derfor veldig glade for at Sogn Sparebank har teikna ny partnaravtale. Gjennom den avtalen er banken ei avgjerande brikke for at borna frå desse fire kommunane skal få ta del i den leikande læringa på ViteMeir», seier Neraas.

«Me er opptekne av å gje tilbake til lokalsamfunna og vere med å bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i. Difor har me sidan oppstarten av ViteMeir sponsa busstransporten for barnehageborn og skuleelevar frå Aurland, Lærdal, Vik og Årdal. Me gler oss over at alle får like mogelegheiter til å besøke det inspirerande senteret», seier Ragnhild Skahjem Tofastrud, leiar kommunikasjon og kundeopplevingar i Sogn Sparebank.

Sogn sparebank sikrar soleis trygg transport og bidreg til at alle elevane får besøke det flotte ViteMeir- senteret

Frå kommunane si side er dette òg eit viktig partnarskap. «Det er ei gladsak at Sogn Sparebank var positive til å fornye avtalen og ville vere med vidare. Sogn sparebank sikrar soleis trygg transport og bidreg til at alle elevane får besøke det flotte ViteMeir- senteret», seier Camilla Grøttebø, rådgjevar for Oppvekst i Lærdal kommune.

Heidi Breili Bøthun