Aktueltarkivet
Serit Fjordane IT blir partnar og IT-leverandør
Serit Fjordane IT skal levere VR-briller og PC-klassesett til ViteMeir. Dei neste tre åra blir dei partnar til ein årleg verdi av kr. 30.000
Byggeplass og heisekran for born
Åsen & Øvrelid går saman med Byggopp inn med midlar til finansiering og bygging av ein byggeplass for born på ViteMeir
Sogn Sparebank finansierer buss frå sørsida
Elevar i kommunane Aurland, Årdal, Lærdal og Vik er sikra busstransport til og frå ViteMeir dei neste tre skuleåra takka vera Sogn Sparebank, som blir ein tydeleg ViteMeir-partnar
Matnerden Ingrid klar for ViteMeir
For Ingrid Husum (39) er mat lidenskap. 1. august startar ho i stillinga som leiar for mat & drikke på ViteMeir
Trygg reiseveg for elevar frå Luster
Luster Sparebank har signert 3-årig partnaravtale med ViteMeir for finansiering av busstransport og trygg reiseveg til og frå skulane i Luster kommune
Sparebank 1 SMN sikrar syklisk matavfallshandtering
Visjonen til ViteMeir om eit bygg utan matavfallsdunk vert no ein realitet – Me er stolte av å bidra til draumen om «zero food waste», seier Anders Neteland, banksjef i Sparebank 1 SMN.
ViteMeir er Klimapartner
ViteMeir vil som Klimpartner bli ein del av regionen sitt viktigaste partnarskap for utsleppskutt og grøn omstilling.
Ola startar sin ViteMeir-praksis
Ola Alsterholm starta denne veka på ti veker praksis hjå ViteMeir gjennom masterstudiet innovasjon og ledelse på HVL.
Fylkestinget vedtok stort investeringstilskot
Fylkestinget i Vestland fylkeskommune vedtok onsdag 10. mars investeringstilskot på kr. 5.050.000 til VIteMeir
Andreas (27) er vår Reodor Felgen
Andreas Pettersen Vikdal (27) er tilsett som driftsteknikar på ViteMeir med oppstart 1. juni
Berekraftig reiseliv
Flåm AS blir partnar og skal saman med ViteMeir utvikla formidling rundt berekraftig reiseliv.
Azets blir ViteMeir-partnar
ViteMeir har i Azets fått med seg ein leiande aktør i Norden innanfor rekneskap, lønn og HR.
ViteMeir og Nagelld inngår partnarskap
ViteMeir og NagellD inngår fleirårig samarbeid og partnarskap rundt det digital og virtuelle innhaldet i vitensenteret
God Jul frå ViteMeir
ViteMeir ynskjer alle sine partnarar ei retteleg god jul og eit godt nytt år!
ViteMeir feira statlege midlar
Fredag 4. desember kom endeleg gladmeldinga om at ViteMeir får statlege midlar frå 2021. - Me gjekk frå bakrus til lykkerus på to hektiske døgn, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde
ViteMeir og SIMAS med visjonært samarbeid
ViteMeir og SIMAS har inngått 3-årig samarbeidsavtale om både økonomisk bidrag og utvikling av faginnhald på vitensenteret. – Eit viktig samarbeidsprosjekt for SIMAS, seier direktør Hallvard Thomassen.
Lærer av kvarandre
ViteMeir og Kaupanger-elevar lærer av kvarandre. Stemninga i klasserommet på Kaupanger skule er til å ta og føle på. 10. klassingane øver for harde livet. Om nokre minutt skal dei presentere eit prosjekt dei har jobba med i fleire månadar, men ikkje for læraren. Dei skal presentere for ein kunde.
Milliongåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane
Sparebanken Sogn og Fjordane har totalt gitt tre millionar til planlagde installasjonar til ViteMeir på Kaupanger.
Lesarbrev: ViteMeir må inn i Statsbudsjettet
Torstein Tvedt Solberg og Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet publiserte onsdag 11. november dette lesarbrevet i Porten og Sogn Avis