Forskingsdagane

på ViteMeir 26.-28. september

 

Forskingsdagane 2025



Velkommen til Forskingsdagane på ViteMeir 26.–28. september!


Årets tema er tryggleik, og vi inviterer deg til tre spennande og lærerike dagar der du kan utforske kva tryggleik betyr – i kvardagen, i samfunnet og i framtida.

Gjennom aktivitetar og utstillingar kan du lære meir om mellom anna branntryggleik, trafikktryggleik og beredskap – viktige tema som angår oss alle. Kva gjer du om det byrjar å brenne? Korleis held vi oss trygge i trafikken? Og kor godt er vi eigentleg førebudde dersom krisa kjem?



Laurdag og søndag er det GRATIS inngang





Arrangement med påmelding:

Frukost: Økonomisk tryggleik

Me inviterar til frukostmøte for bedrifter, i SmakeMeir, der temaet i år er “Økonomisk tryggleik”. Det blir servert kloke ord og ein herleg frukost. Meir informasjon og påmelding kjem.

Arrangementet er GRATIS

Vitenkveld og Quiz:

Velkommen til ein heilaften i SmakeMeir.

I samband med Forskingsdagane inviterer me til quiz og vitenkveld. Dørene opnar kl. 18.30. Quizen startar kl. 19.00. Det blir to omgangar med quiz. I pausen blir det korte, spennande innslag kring tema "tryggleik". Du får mellom anna høyre om "trygg framtid", "Bjørnis-effekten" og kvifor me treng realfag . Me lovar aha-opplevingar! Du kan melde deg på både med og utan quizlag, og du treng heller ikkje delta på quizen for å få med deg denne kvelden.

Arrangementet er GRATIS

Tusen takk til

Sparebank1 Sogn og Fjordane

Sogn Sparebank og Luster Sparebank