Opplev utstillinga

1. etasje

Test livet som lastebilsjåfør i ein fullskala lastebilsimulator. Leik deg på byggjeplassen med hjelm og refleksvest, eller konkurrer med venene dine om kven som kan bygge den beste demninga i vasskraftverket. I 1. etasje av utstillinga på ViteMeir finn du morosame og lærerike aktivitetar for ein kvar smak. I denne utstillinga er temaet energi og berekraftig reiseliv.  

Landskapet i Noreg er heilt spesielt. Berre nokre få andre stader i verda har like mange høge fjell og vassfall. Dei høge fjella gjer det enkelt å produsere energi ved hjelp av vasskraftverk. Difor kjem det meste av energien som blir produsert i Noreg frå vassfall. Men, det hadde ikkje vore mogleg utan vatnet sitt naturlege krinsløp. Dette kan du lære meir om i ViteMeir sitt eige vasskraftverk. 

Det vakre landskapet i Noreg kan by på ekstra utfordringar når det kjem til transport og reiseliv. Det krevst mykje energi når du skal køyre over høge fjell. I lastebilsimulatoren på ViteMeir kan du trene på å bli ein energieffektiv sjåfør. Du kan òg konkurrere om å køyre elektrisk ferje mellom Kaupanger, Aurland og Gudvangen på kortast mogleg tid. Men utan straum duger verken el-ferje eller el-lastebil. Straumnettet er avgjerande for å frakte energi dit me treng han. Prøv å byggje ditt eige straumnett i Spenningsmeisteren, men pass deg for uvêret! 

Våre favorittar i 1. etasje:

Konkurrere med venene dine i «Stø på handa»

Bruk trøkrafta di til å produsere silisium i «Smelteverket»

Lær om verda på den interaktive globusen

Bygg og test din eigen vindturbin

Lag ekte hydrogengass og fyr av ballraketten

 

Kva for ein installasjon blir din favoritt i 1. etasje?