Takhagen

3. etasje

Takhagen på ViteMeir inneheld nyttevekstar og uendelege moglegheiter. Arkitekten var inspirert av takhagane i New York då ho teikna den og det er blitt ein grøn oase på toppen av bygget vårt. Alle plantene blei planta våren 2022 med god hjelp frå Hagelaget, og me har over 20 ulike planter og urter der alt kan nyttast i mat.

SmakeMeir nyttar fleire av dei tilgjengelege råvarene i maten, og gjestene våre er velkomne til å plukke seg eit eple eller eit bær. Her kan du ta med deg kaffekoppen eller lunsjen ut og nyte grøne omgivelsar som ein pause frå f.eks. Nøtteknekkaren og rubiks kuber eller arbeidsdagen på FUS.

 
 

Tusen takk for hjelp og bidrag frå Åberge planteskule, Europris Sogn og SIMAS.