Tilbake til alle arrangementer

Mobile installasjonar, tekstiltrykking og eksperimentshow

Laurdag 25. og søndag 26. april er du velkomen til mobile installasjonar, tekstiltrykking og eksperimentshow!

🎡 MOBILE INSTALLASJONAR: I utstillinga har me fått besøk av fleire mobile installasjonar som ofte er med ViteMeir på tur. Dei blir ståande for å puste frisk luft inn på ViteMeir heile April.
Her kan du:
🧠 Konkurrere med hjerneaktivitet
🚨 Lage din eigen innbrotsalarm ⛓️‍💥🔒
🔑 og mykje anna spennande!
Tid og stad: I utstillinga heile dagen.

👕 TEKSTILTRYKK: På ViteMeir kan du fornye ei gamal t-skjorte, eller pynte på ein gensar med våre fine tekstiltrykk. Ta med deg eitt plagg du ynskjer å fornye og vel trykk du likar. Her kan du trykke namn, flagg, nummer, bilder og figurar med meir. Ta med deg eitt familiemedlem eller ein ven og ta turen til ViteMeir då vel! OBS hugs klede til å trykke på. 👚
Tid og stad: Mellom klokka 11–12 og 13-14 i Makerspace i 2. etasje.

💥 EKSPERIMENTSHOW: VitenVertane held eksperimentshow i helgane. Her kan du forvente eksperimentering med flammar, luft og røyk, lys og vatn. 👩‍🔬💨🔥🥼🧪✨
Tid og stad:
Klokka 14.30 i Auditoriet i 1. etasje.

Forrige
Forrige
25. april

Mobile installasjonar, tekstiltrykk og eksperimentshow

Neste
Neste
29. april

Onsdagsaktivitet | Mobile installasjonar