50 lærarar på kurs i utforskande naturfag
I november har me gjennomført lærarkurset, “Naturfag in Action” i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Me har utvikla og gjennomført eitt kurs for lærarar i ungdomsskulen, og eitt kurs for lærarar i vidaregåande skule. Med støtte frå Tekna kunne me tilby desse kursa gratis for naturfaglærarane.
Målet med kurset er å styrke kompetansen i utforskande arbeidsmetodar, og gi lærarane konkrete, engasjerande forsøk og læringsopplegg dei kan ta med tilbake til klasserommet.
På dei fem kursa deltok til saman 50 lærarar frå 11 kommunar i Sogn og Fjordane.
Tilbakemeldingane frå deltakarane er gode. Dei trekkjer fram gode døme på øvingar ein kan bruke direkte inn i undervisninga, og ønskjer seg endå meir av dette!
Tusen takk til Tekna som har gitt oss støtte til å gjennomføre desse kursa!
“Inspirerande og konkret!”