150 jenter på Girl Tech Fest i samarbeid med Statkraft

Girl Tech Fest 2025 – ein dag fylt med teknologi, skaparglede og inspirasjon

Torsdag 30. oktober samla 150 jenter frå Sunnfjord, Høyanger, Årdal, Luster og Sogndal seg på ViteMeir i Sogndal for å delta på Girl Tech Fest – ein dag der teknologi, nysgjerrigheit og meistring stod i sentrum.

Girl Tech Fest er eit nasjonalt arrangement som skal inspirere jenter til å utforske teknologi og realfag på eigne premiss. I Sogn blei arrangementet gjennomført på ViteMeir i samarbeid med Statkraft, som var vår lokale samarbeidspartnar. Statkraft sponsa busstransport og pizza, og stilte med engasjerte rollemodellar.

Gjennom dagen fekk jentene høyre inspirerande historier frå kvinner som jobbar med teknologi til dagleg – både frå Statkraft og ViteMeir. Dei fortalde om korleis interessa for teknologi starta, kva dei jobbar med no, og korleis teknologi kan bidra til å løyse viktige utfordringar i framtida.

Etter den felles opninga fekk jentene utforske fire spennande stasjonar:

  • Ballongbattle med bit:botar

  • Mekatronikk og robotarmar

  • Papirrakettar og utforsking av fysikk

  • Eit besøk i planetariet – ein tur heilt ut i verdsrommet!

Både lærarar og deltakarar melde om stor begeistring, og då jentene reiste heim, var det med nye erfaringar, meistringsfølelse – og ei rosa Girl Tech Fest-t-skjorte som minne om ein inspirerande dag.

– Det er fantastisk å sjå kor engasjerte jentene blir når dei får utforske teknologi på sine eigne premiss, seier Åse Neraas på ViteMeir. – Me treng fleire jenter som vil vere med å forme framtida med teknologi og berekraftige løysingar.

Girl Tech Fest er ein del av prosjektet Teknojenter, i samarbeid med Vestlandsforsking, og blir arrangert over heile landet i samarbeid med ODA-nettverket, TENK – Tech-nettverket for kvinner, IKT Norge og Nasjonalt senter for realfagsrekruttering (NSR).

Dagen viste at interessa for teknologi blant jentene i området er både stor og voksande.

Heidi Breili Bøthun