Dette er ViteMeir sine faglege satsingsfelt

Dette er ViteMeir sine faglege satsingsfelt.jpg

Ressursar, Energi, Idémyldring, Natur og Teknologi (REINT) er det du kan lære meir om når ViteMeir opnar.

Saman med Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ViteMeir fått på plass eit idégrunnlag, gjennom ein grundig og innhaldsrik rapport. Rapporten skisserer ein fagleg profil og idear til innhaldet på ViteMeir.

– Dette er overordna. Vi jobbar med å landa samarbeidspartnarar for enkeltinstallasjonar, og folk som kan hjelpa oss med å utvikle konsept som kan gje scenografiske, interaktive og sanselege opplevingar. No har vi fått snevra inn til fem satsingsfelt vi vil jobba vidare med. Det er bra. Ikkje minst for bidragsytarane, som lettare kan sjå kva dei kan bidra med, fortel Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir.

5 faglege satsingsfelt

Den overordna faglege profilen er «berekraftig utvikling», der den miljømessige dimensjonen vil vere ekstra viktig. Berekraftig utvikling gir vitensenteret ein profil som er relevant for skulevesen, næringsliv og for samfunnsutviklinga i mange år framover.

Under her er det satt opp fem faglege satsingsfelt, identifisert gjennom REINT. Dette gir ei retning som underbygger den overordna profilen.

Reint står for:

  1. Ressursar. Handlar om berekraftig bruk av ressursar: hauste, produsera, foredla, lagre, bruka og gjenbruka.

  2. Energi. Handlar både om elementa sin energi: sol, vatn, vind, bølger, biomasse; og kroppens energi: fysisk aktivitet, helse, ernæring og læring.

  3. Idémyldring. Handlar om ViteMeir som arena for å utveksle idear og skape ein idédugnad for eit berekraftig samfunn. Idémyldring er såleis eit berande prinsipp for ViteMeir.

  4. Natur. Handlar om den reisa ein kan gjere frå fjord til fjell, og frå havkyst til innland som er ei reise i geologi, biologi. Dessutan om grunnleggande naturvitskap om alt som er rundt oss.

  5. Teknologi. Handlar om alt vi menneske gjer for å takle verda rundt oss, og sentralt står aktivitetar som å digitalisere, konstruere, kalkulere, kommunisere, programmer og robotisere.

– Dei fem fagfelta er komen til gjennom fleire idémyldringar og møter med ulike aktørar. I tillegg har vi ein idébank med over 50 idéskisser, forklarer Jevnaker.

Desse ideane skal no vidareutviklast, både før, under og etter oppstart av vitensenteret.

– Vitensenteret skal ha permanente installasjonar, men òg ein del installasjonar som skal endrast og bytast ut etter kvart. Så det trengs alltid påfyll av idear, påpeikar Jevnaker.

Om rapporten

HVL er ein av fleire eigarar av vitensenteret og har stor interesse av å bidra med utvikling av innhald. HVL er òg medeigar av VilVite i Bergen, ein av dei største vitensentera i Noreg.

– Deira bidrag er ekstremt viktig. Dei sit på mykje kunnskap innan ulike fagfelt og vi har allereie starta samarbeid med fleire av fagmiljøa om installasjonsutvikling, seier Jevnaker.

Innhaldet i rapporten er basert på innspel frå mange engasjerte og kreative personar frå barnehagar, skular, høgskule, og anna arbeids- og næringsliv.

– Vi er takksame for alle som har brukt tida si i idémyldringar og i møter, og vi håpar mange ønskjer å bidra også i åra som kjem. Vitensenteret vil trenge å spele på lag med mange i det kontinuerlege utviklingsarbeidet som eit vitensenter skal ha i mange år framover, skriv Stein Joar Hegland, som har leia arbeidet med innhaldsutvikling fra HVL si side.

Gasta Design