Forskingsdagane 2025

26.-28. september inviterte me til markering av Forskingsdagane 2025, på ViteMeir. I år var tryggleik overordna tema, og me hadde tre innhaldsrike dagar fylt med kunnskap, aktivitetar og opplevingar for små og store. Publikum fekk utforske kva tryggleik betyr – både i kvardagen, i samfunnet og i framtida.

Gjennom utstillingar og aktivitetar fekk dei frammøtte lære meir om branntryggleik, trafikktryggleik og beredskap – viktige spørsmål som angår oss alle: Kva gjer vi om det byrjar å brenne? Korleis held vi oss trygge i trafikken? Og kor godt førebudde er vi eigentleg dersom krisa kjem?

På fredag starta me dagen med Frukostmøte om økonomisk tryggleik. Der blei det servert nydeleg frukost frå SmakeMeir før me fekk gode innlegg frå banksjef i Luster Sparebank, Jermund Lien Molland, og Sparebank1 Sogn og Fjordane sin eigen “investeringsguru”, Gunnar Heggheim.

Fredag kveld var det duka for Vitenkveld og Quiz, der deltakarane fekk korte og spennande innslag om tryggleik mellom quiz-spørsmåla. Dei fekk høyre om Trygg framtid, Bjørnis-effekten og om kvifor me treng realfag.

Laurdag og søndag hadde ViteMeir fri inngang, i tillegg til at me hadde aktivitetar som Beredskapskasse, Bingojakt i senteret, Bli med inn i ein lastebil for å sjekke blindsona og ikkje minst fekk me besøk av sjølveste Bjørnis! Alle arrangementa og inngang i utstillinga var gratis takka vera samarbeidspartnarane våre, og me hadde rundt 500 besøkande totalt!

Takk til samarbeidspartnarane våre

Sparebank 1 Sogn og Fjordane,
Sogn Sparebank, Luster Sparebank og Sparebanken Norge.


Og takk til alle som deltok – saman gjorde me Forskingsdagane 2025 til ei lærerik og minneverdig helg!

Heidi Breili Bøthun