Opning av Steinhagen & Geologiens dag
Laurdag vart Steinhagen offisielt opna – eit heilt unikt lærings- og opplevingsrom ute, der både barn og vaksne kan utforske geologien med heile kroppen. Opninga fann stad på sjølvaste Geologiens dag, som i år hadde temaet vulkanar.
Dette skiltet viser ei oversikt over bergartene du finner i Steinhagen, og kor dei kjem frå. Skiltet henger på utsida av bygget—ViteMeir
Steinhagen inneheld 20 ulike bergartar frå heile landet. Her kan ein finne alt frå granitt frå Sogndal og fyllitt frå Leikanger, til marmor frå Hyllestad og den grønglinsande eklogitten frå Åheim. Steinane er plassert slik at dei saman fortel historia om det geologiske kretsløpet – naturen sitt eige resirkuleringssystem, der bergartar blir pressa saman, varma opp eller slitt ned, og kan endre seg heilt.
– Med Steinhagen har me fått eit heilt unikt læringsrom ute. Her kan både skuleklassar, studentar og publikum oppleve geologien med heile kroppen, seier Deta Gasser, professor i geologi ved HVL.
Inspirasjonen til Steinhagen kjem frå Frida Tebus sin skulptur Mellom steinene, som er laga av konglomerat – ei bergart som i seg sjølv viser korleis mange ulike steinar kan bindast saman til noko nytt. På same måte er steinane i hagen eit uttrykk for dei prosessane som formar landskapet rundt oss.
I bakgrunnen ser du Frida Tebus sin skulptur Mellom steinene
Steinhagen er ikkje berre ein stad for læring, men òg ein arena for leik og motoriske utfordringar: Born kan hoppe frå stein til stein, leite etter mønster og fargar eller samanlikne dei med skulpturen.
At opninga fann stad på Geologiens dag gav ei ekstra ramme rundt arrangementet. Denne dagen blir markert over heile landet av Norsk Geologisk Forening for å gjere geologi kjent og tilgjengeleg for folk flest. Årets tema, vulkanar, minner oss om kor dramatisk, men også livgivande, jordas indre krefter kan vere.
– Me ønskjer å vise fram prosessane bak vulkanar, og at Norge faktisk har ei spennande vulkansk fortid, sjølv om me i dag ligg langt frå ei aktiv plategrense, fortel Andrea Olsen Geithus, fagansvarleg for Geologiens dag i linjeforeininga Yggdrasil.
Med både Steinhagen og Geologiens dag fekk publikum denne helga sjå at stein ikkje berre er «gråstein» – men eit mangfald av fargar, mønster og historier om korleis jorda vår stadig er i endring.