SmakeMeir søkjer Smakevertar

Er du interessert i matlaging og kundeservice? Bli ein del av den kjekke gjengen vår i kafeen SmakeMeir!

Me er ute etter dei beste Smakevertane som kan vere med å gje gjestane våre gode matopplevingar. Har du erfaring med, eller er du interessert i matlaging og kaféarbeid? Då kan dette vere ein interessant jobb for deg :)

Arbeidet er stort sett onsdag og torsdag ettermiddag, helgar og feriar. Du vil bli sett opp i ein turnus som tilsvarar om lag ei 20%-stilling. Det kan òg vere mogleg å utvide stillingsprosenten noko.

Arbeidsoppgåver:

  • Møte kafègjestane med eit smil og god service.

  • Lage matrettar ut frå den gjeldande menyen

  • Reinhald og vedlikehald

  • Bidra til eit godt og effektivt arbeidsmiljø

Kven er du?

  • Serviceinnstilt, effektiv og har godt humør

  • Nysgjerrig og lærevillig

  • Gjerne ha erfaring med matlaging og/eller kaféarbeid

Arbeidstid:

Arbeidstidene er onsdag og torsdag ettermiddag, helgar og feriar. Du vil bli sett opp i ein turnus der du jobbar enkelte av desse dagane (opp til 20%-stilling).

ViteMeir tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med både unge og erfarne kollegaer

  • Løn etter tariff

  • Ein fin sjanse til å bygge CV

Søknadsfrist: 1. desember

Send ein søknad med CV til: jobb@vitemeir.no.

Oppstart: snarast, og seinast 18. januar.

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Åse Neraas, aan@vitemeir.no, tlf. 917 64 903.


Åse Neraas