SmakeMeir søkjer kokk

Er du lidenskapeleg oppteken av mat? Er du klar for ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag i eit spennande og triveleg arbeidsmiljø?

Me søkjer etter ein kokk med fagbrev eller brei erfaring frå matbransjen. Du må gjerne vere sosial, kreativ og nysgjerrig, men viktigast av alt er at du er den rette personen som vil vere med og utvikle gode matopplevingar for gjestane våre.

Arbeidsgjevar: ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS 

Stillingstittel: Kokk 

Søknadsfrist: Snarast

Oppstart: etter avtale

Tilsetjingsform: 60-100% fast stilling.

Du vil møte ein variert arbeidskvardag, og me kan love deg at du vil ha det både moro og utviklande på jobb. Me skal skape ei unik oppleving for gjestane våre, og me må saman ta utfordringar på strak arm. Som kokk i SmakeMeir får du òg moglegheit til å vere med på å utvikle vår SmaksLab, der me mellom anna tilbyr kurs og teambuilding.

Kva kvalifikasjonar og eigenskapar ønskjer me at du har:

Først og fremst må du like å lage mat og vere ein god lagspelar. Det er ønskjeleg at du har fagbrev eller brei erfaring frå bransjen. I tillegg må du vere:

  • Engasjert og effektiv

  • Sjølvstendig og initiativrik   

  • Fleksibel, kreativ og løysingsorientert 

  • Ha gode haldningar og høg arbeidsmoral 

  • Ha godt humør; humoren kan gjerne vere tørr, så lenge maten ikkje er det 😊

ViteMeir tilbyr:   

  • Interessante og faglege utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt miljø  

  • Fast 60 - 100 % stilling

  • Arbeidstid: primært dagtid og kvar tredje helg, kveldsarbeid berre unntaksvis

  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer  

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Løn etter avtale      

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Leiar for mat og drikke, Lise Sundberg, lise.sundberg@vitemeir.no , tlf. 908 43 828

Søknad med CV skal sendast til jobb@vitemeir.no  

Om arbeidsgjevar:  

ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – opna på Kaupanger i Sogndal kommune 11. november 2021. Senteret er eit besøks- og opplevingssenter for barnehagar og skular og fritidsgjestar. ViteMeir er òg ein unik møte- og arrangementsarena for næringslivet. Kafeen SmakeMeir lagar både lunsj- og møtemat, catering og selskapsarrangement i tillegg til vanleg kafédrift. ViteMeir har om lag 16 årsverk.

Aktuelt, JobbGry Høyheim